Elektrisk anlegg i industri
Illustrasjon

Boliden Odda

Bygnings- og prosesselektro for lutningsområdet i utvidinga av sinkanlegget i Odda.

Kunde
Boliden Odda
Samarbeid
NLI Elektrosystemer, som var penneførande
Prosjekt
Green Zinc Odda 4.0
Kontrakt
Februar 2023
Anlegget opna
17. mars 2025

Oppdraget

Saman med NLI Elektrosystemer frå Tønsberg signerte vi i 2023 ein av dei mest betydningsfulle kontraktane våre i nyare tid. Kontrakten gjaldt utvidinga av sinkanlegget til Boliden Odda.

Leveransen

Leveransen omfatta levering og installasjon av bygnings- og prosesselektro for lutningsområdet, inkludert infrastrukturkablar for høgspent og installasjon av fiber.

Samarbeidet

Kvinnherad Elektro og NLI har utfyllande kompetanse. Det var grunnlaget for å gjennomføre prosjektet på ein god måte, både fagleg og sikkerheitsmessig.

350 000 tonn sink

Planlagd årsproduksjon ved full drift, slik det vart oppgitt då kontrakten vart signert i 2023.

  • Etter utvidinga350 000 tonn
  • Før utvidinga200 000 tonn
personar i arbeidsfellesskapet på det meste
Over 100

Har du eit industriprosjekt?

Per Fjelland arbeider med næring, bustad og service.

Per FjellandNæring, bustad og service

Les meir om industri og næring