Elektrisk anlegg i industri
Illustrasjon

Industri og næring

Leverandør til smelteverksindustrien i Kvinnherad og Odda, til fiskeoppdrett og til vasskraft.

Lang røynsle frå tung industri

Som leverandør til smelteverksindustrien i Kvinnherad og Odda har vi lang røynsle innanfor området.

Saman med NLI Elektrosystemer signerte vi i 2023 kontrakt med Boliden Odda om levering og installasjon av bygnings- og prosesselektro for lutningsområdet.

I 2019 fekk vi oppdraget, som underleverandør til Reel Alesa, med å oppgradere renseanlegget for A- og B-hallen på Hydro Husnes.

Oppdrettsnæringa har blitt ein veksande marknad for oss, og vi har dei fleste store aktørane i området på kundelista.

Vi har òg vore med på å installere store og mellomstore vasskraftanlegg i distriktet.

Område

  • Smelteverk
  • Fiskeoppdrett
  • Vasskraftanlegg
  • Bygnings- og prosesselektro
  • Internkontroll for bedrifter
Elektrisk anlegg i industri

Boliden Odda

Bygnings- og prosesselektro saman med NLI Elektrosystemer.

Les om prosjektet

Har du eit anlegg som treng elektro?

Per Fjelland arbeider med næring, bustad og service.

Per FjellandNæring, bustad og service