IllustrasjonGudvanga og Flenja
Oppgradering av to tunnelar i Aurland for Statens vegvesen. Det største prosjektet i historia vår då det vart overlevert i 2022.
- Byggherre
- Statens vegvesen
- Rolle
- Hovudentreprenør saman med Flage Maskin
- Overlevert
- November 2022
- Tid
- 4 år og 5 månader
- Tunnelar
- Gudvanga 11,4 km og Flenja 5 km
Oppdraget
Våren 2018 signerte vi kontrakt med Statens vegvesen om å oppgradere Gudvanga- og Flenjatunnelen. Arbeidet var ein del av det nasjonale tunneloppgraderingsarbeidet, på grunnlag av nye forskrifter for tunnelsikkerheit.
Vi var hovudentreprenør saman med grunn- og betongentreprenøren Flage Maskin frå Voss. ABB var underentreprenør og leverte utstyr for styring, regulering og overvaking.
Gudvangatunnelen
Her vart all elektroteknisk installasjon fornya. Alle kablar, kabelstigar, lys og overvaking skulle bytast ut med nytt, og det vart sprengt ut seks nye nisjer til nye tekniske rom.
Flenjatunnelen
Tunnelen vart delvis oppgradert i 2009, og byggherren valde å behalde delar av elektroinstallasjonen. Her kom det mellom anna nye videokamera, nød- og automatikkskap og radar.
Natt etter natt
Arbeidet gjekk for det meste om natta, og 30 av våre tilsette var aktivt med i prosjektet.
Ei natt i mars 2019 tok eit vogntog lasta med lammekjøtt full fyr inne i Gudvangatunnelen. Trafikkdirigentane og personellet vårt handla lynraskt og fekk seg sjølve og andre trafikantar ut i tryggleik.
245 km kabel
Planlagt omfang for dei to tunnelane per februar 2019, med underleverandørar.
- Signalkabel115 500 m
- Elkraftkabel92 000 m
- Fiberkabel26 000 m
- Strålekabel11 400 m
- LED-lysarmaturar
- 1 300
- videokamera
- 145
- automatikkskap
- 117
- nødstasjonsskap
- 112
- nye ventilatorar
- 108
- tekniske bygg
- 8
Har du eit tunnel- eller vegprosjekt?
Jonas Hølland er prosjektleiar for samferdsel.
Jonas HøllandProsjektleiar for samferdsel
Les meir om samferdsel