IllustrasjonSamferdsel
Elektro i tunnelar og på veganlegg, for Statens vegvesen og hovudentreprenørar.
Frå første veganlegg til tunnelar på Vestlandet
Vi har arbeidd med samferdsel sidan 2000. Det første veganlegget vårt var nye E18 i nordre Vestfold.
Oppdragsgivaren er anten Statens vegvesen med eigne elektroentreprisar, eller ein hovudentreprenør der vi tek delentreprisen.
Arbeidet krev mykje utstyr og mange hjelpemiddel. Det løyser vi med både innkjøp og leige.
Vi har eit tett samarbeid med dei fremste leverandørane av trafikkteknikk i Noreg.
Skilta kan vi lage sjølve. Til Bømlafjordtunnelen produserte vi ca. 1500 skilt.
Dette leverer og monterer vi
- Tavler
- Naudskap
- Lys
- Vifter
- Fiberkabel, kraftkabel og strålekabel
- Antennemaster
- UPS- og PLS-system
- Telefonkioskar
- Lysskilt
- Kabelstigar
- Komplette pumpestasjonar
- Avfuktarar
Prosjekt vi har levert
Eit utval av tunnelar og veganlegg, nyaste først.
| Prosjekt | Type | År |
|---|---|---|
| Gudvanga og FlenjaRehabilitering | Rehabilitering | 2022 |
| BømlafjordtunnelenRehabilitering | Rehabilitering | 2018 |
| TyssetunnelenNyinstallasjon | Nyinstallasjon | 2015 |
| Stordalen veganleggNyinstallasjon | Nyinstallasjon | 2015 |
| Solheim–Skjoldavik vegsambandNyinstallasjon | Nyinstallasjon | 2015 |
| Sokna–Ørgenvika vegsambandNyinstallasjon | Nyinstallasjon | 2014 |
| IsetunnelenRehabilitering | Rehabilitering | 2013 |
| JondalstunnelenNyinstallasjon | Nyinstallasjon | 2012 |

Gudvanga og Flenja
Oppgradering av to tunnelar i Aurland, for det meste på nattarbeid.
Les om prosjektetSnakk med oss om neste prosjekt
Jonas Hølland er prosjektleiar for samferdsel.
Jonas HøllandProsjektleiar for samferdsel
